Hopp til innhold
X
Innhald

Myalgisk encefalitt (ME)

Myalgisk encefalitt (ME), ein diagnose som har vore brukt i England og her i landet dei seinare åra. Sentrale symptom er trøyttleik, konsentrasjonssvikt og gjerne smerter i kroppen, ikkje ulikt symptoma ved fibromyalgi. I USA har diagnosen gjerne vore kronisk trøyttleiksyndrom, sjølv om symptombiletet liknar det ein ser ved fibromyalgi. Mange vil seie at fibromyalgi, kronisk trøyttleikssyndrom og myalgisk encefalitt har smelta saman til éi stor gruppe, med utmatting og smerter som sentrale symptom. Forkjemparane for desse diagnosane hevdar gjerne at årsakene er av organisk natur, men det er ikkje blitt påvist noka somatisk årsak til plagene.

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012