Hopp til innhold
X
Innhald

Nakkeslengskade

Nakkeslengskade, eller whiplash, oppstår gjerne i samband med bilkollisjonar etter påkøyrsel bakfrå. Nakkesmerter er typisk, men plagene går gjerne over etter nokre dagar. Ein del får meir varige nakkesmerter, og av og til kjenner dei seg svimle. Sidan det som regel ikkje finst noka fysiologisk forklaring på desse plagene, er dei fleste nevrologar og psykiatrar overtydde om at plagene er av psykisk natur. Desse skadane auka dramatisk her i landet i slutten av 1980-åra og frametter. Det verkar som om «epidemien» har vore på retur dei siste åra.

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012