Hopp til innhold
X
Innhald

Nevrose

Nevrose, psykisk funksjonsforstyrring som ikkje kjem av organisk sjukdom i nervesystemet, men psykiske og sosiale forhold. Ved nevrosar er berre ein del av personlegdomen dregen inn, og individet si oppfatning av røynda er ikkje forstyrra, jamfør psykose. Nevrosar vert delte inn i to hovudtypar: Karakternevrose kjem med ein disharmonisk personlegdom, og oppstår gjerne tidleg og kan kome av ein barndom med mangelfulle emosjonelle relasjonar. Typiske trekk er å vere mistenksam og å ha negativ innstilling til andre menneske. Symptomnevrose er kjenneteikna av angst, depresjon eller tvangsførestellingar. Symptoma er både fysiske og psykiske, uro og motløyse, hjarteklapp, svevnløyse, hovudverk, tvangsimpulsar (angstnevrose, tvangsnevrose). Nevrosar vert behandla med psykoterapi, psykofarmaka eller ein kombinasjon av desse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012