Hopp til innhold
X
Innhald

Posttraumatisk stressforstyrring

Posttraumatisk stressforstyrring, psykisk liding etter alvorlege traume, til dømes grufulle krigsopplevingar, naturkatastrofar, tortur og valdtekt, med stadig tilbakevendande minne om den traumatiske opplevinga, tilbaketrekking frå omgivnadene og manglande interesse for andre menneske. Ofte er personen lettskremd og plaga av søvnvanskar. Dei fleste blir kvitt plagene sine etter kortare eller lengre tid, men somme blir plaga i mange år. I svært sjeldne tilfelle ser ein varige endringar av personlegdomen. Denne lidinga er ofte eit tema i forsikringssaker.

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012