Hopp til innhold
X
Innhald

Psykopat

Psykopat, person som lir av psykopati, ulike abnorme tilstandar kjenneteikna med asosial og amoralsk åtferd, kjenslekulde, manglande omsyn til andre osb, men som ikkje kjem av noko spesiell psykiatrisk sjukdom. Nemninga har ikkje noko eksakt vitskapleg innhald og vert mykje brukt for å uttrykkje noko ein mislikar. Omgrepet vert brukt i psykiatrisk litteratur. I dag vert nemninga anti-sosial personlegdom helst brukt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012