Hopp til innhold
X
Innhald

Schizofreni

15 000 nordmenn har diagnosen schizofreni. Ein reknar med at sjukdomen utviklar seg på bakgrunn av eit samspel av ukjende genetiske og miljømessige faktorar.

Schizofreni (frå gresk, eigentleg «spalta sinn»), alvorleg sinnssjukdom som oftast råkar gutar og jenter i 18–25-årsalderen, men ein reknar med ein risikoperiode frå 15 til 45 år. Her i landet finst det om lag 15 000 personar med denne diagnosen, og kvart år blir om lag 600 pasientar diagnostiserte som schizofrene. Ein reknar med at sjukdomen utviklar seg på bakgrunn av eit samspel av ukjende genetiske og miljømessige faktorar.
Om lag halvparten av dei som utviklar schizofreni, har vore lettare «nervøse» på førehand, innovervende og kjenslevare. Før dei schizofrene symptoma melder seg, har mange såkalla prodromalsymptom, med isolasjonstrong, redusert kontaktevne, vag kommunikasjon og tvil på eigen identitet. Utviklinga av schizofrene symptom kan kome brått, men ofte finn ein ei snikande utvikling med vrangførestillingar, høyrselshallusinose og uvanleg åtferd. Den sjuke kjenner seg ofte forvirra og under oppsikt, har vanskar med å konsentrere seg og kan vere ottefull og aggressiv. Mange prøver å unngå all kontakt med andre (autisme). Symptoma ved schizofreni kan altså vere mangesidige og variere over tid. Ei inndeling i paranoid og ikkje-paranoid schizofreni kan vere praktisk.

Prognosane kan variere. Om lag 10 prosent blir meir eller mindre pleiepasientar resten av livet, 10–15 prosent blir friske etter ein psykotisk periode, medan resten gjerne får tilbakefall, men vil i lange periodar kunne klare seg utanfor sjukehus, men med redusert arbeidsevne. Den beste behandlinga er nevroleptika (antipsykotiske medikament), saman med støtteterapi og eit godt ettervern.

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 02.02.2017