Hopp til innhold
X
Innhald

Stress

Stress er ei vanleg nemning for dei påkjenningane individet er utsett for i dagleglivet, og dei spenningstilstandane som krava i tilværet kan skape i den einskilde.

Stress (engelsk), spenning, påkjenning. Sidan 1946 er ordet vorte ei vanleg nemning for dei påkjenningane individet er utsett for i dagleglivet, og dei spenningstilstandane som krava i tilværet kan skape i den einskilde. Ein trur at ei rimeleg grad av stress er normalt og til dels kan verke stimulerande. Langvarig stress som kjennest som ei unødig påkjenning, kan føre til psykosomatiske lidingar (mageplager, hjartesjukdomar, høgt blodtrykk).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 22.01.2013