Hopp til innhold
X
Innhald

Vrangførestelling

Vrangførestelling, urett tanke eller idé som ikkje lèt seg korrigere med hjelp frå logikk og fornuftige argument som personen etter intelligens og kunnskapsnivå, skulle kunne vere open for. Til dei vanlegaste vrangførestellingane høyrer forfølgingsvanvit og stormannsgalenskap (sjå megalomani). Vrangførestellingar kjem med så å seie alle sinnslidingar og er eit vesentleg symptom ved paranoia. Derimot kan ein som regel ikkje kalle forskrudde politiske eller religiøse idear for vrangførestellingar og symptom på sinnslidingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012