Hopp til innhold
X
Innhald

Frederic Burrhus Skinner

Frederic Burrhus Skinner, 1904–90, var ein amerikansk psykolog, og ein av dei mest framståande innan behavioristisk forsking. Han utvikla teorien sin frå studiet av kvite rotter i eit spesielt bur, ein "Skinner-boks", der rottene lærte å trykke ned eit handtak for å få mat med meir, jamfør betingingslæring. Skinners forsking er brukt både innanfor åtferdsterapi og pedagogikk, i det siste fagområdet gjennom utviklinga av programmert undervisning og læremaskiner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.09.2015
Sist oppdatert: 07.09.2015