Faktaboks

Ola Raknes
Fødd
17. januar 1887, Hamre, Hordaland
Død
28. januar 1975, Oslo
Verke
Filolog, psykoanalytiker og faglitterær forfatter
Familie

Foreldre: Gårdbruker Erik Askjellson Raknes (1856–1926) og Magdali (Magli) Olsdatter Raknes (1859–96).

Gift 1) 20.12.1911 i Kristiania med lyriker Aslaug Torsdatter Vaa (1889–1965), ekteskapet oppløst 1938; 2) 30.10.1941 i Oslo med Gjertrud («Gjerten») Bonde (10.4.1913–1975), datter av bankmann Balthazar Bonde (1877–1957) og Anna Sofie Svendsen (1879–1974). Far til Magli Elster (1912–93).

Ola Raknes

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Ola Raknes
Av /NTB Scanpix ※.

Ola Raknes var psykoanalytikar, filolog og faglitterær forfattar. Han jobba i forlenginga av teoriane til psykologen Wilhelm Reich. Som fagperson var han omstridd, men vart etter kvart ein ettertrakta terapeut. Raknes var kjend som ein ivrig forkjempar for nynorsk på alle område.

Biografi

Raknes vart fødd i HamreOsterøy, Hordaland (no Vestland). I 1911 gifta Raknes seg med forfattaren Aslaug Vaa. Dei fekk fem barn. Dottera Magli Elster var lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Bilethoggaren Anne Raknes er også dotter av Ola og Aslaug.

Eit av barnebarna til Raknes er filosofen og samfunnsforskaren Jon Elster. Med si andre kone, Gjertrude Bonde, som Ola Raknes gifta seg med i 1941, fekk han dottera Ada.

Skulegang og yrkesliv

Raknes vart cand.philol. i 1915 med norsk hovudfag og fransk og engelsk bifag. Seinare arbeidde han som overlærar i Larvik, i åra 1916–1917, og vidare som lektor i norsk språk og litteratur ved Sorbonne-universitetet i Paris. I Frankrike vart han i fire år, før han fekk stillinga som norsk lektor ved University College i London der han vart i perioden 1921–1922. I løpet av åra i utlandet dreiv han eigenstudiar innan generell psykologi, religionspsykologi, biologi, sosiologi og teologi.

Raknes kjende mange av dei intellektuelle i mellomkrigsåra. Mellom anna sentrale skikkelsar innan psykiatri, psykoanalyse og psykologi, som Nic Waal, Harald Schjelderup, Trygve Braatøy, Marie Nævestad og Hjørdis Simonsen. Han kjende og til forfattarar og forlagsfolk, mellom anna Sigurd Hoel, Arnulf Øverland, Helge Krog, Aksel Sandemose og Inger Hagerup.

Filolog og målmann

I studietida var Raknes styrar for Norsk Målkontor og sekretær i Det Norske Samlaget (1908–1910, 1922–1930). Han var sentral i oppbygginga av Samlaget, og fungerte i praksis som forlagssjef. Han vart æresmedlem i Samlaget i 1948 og i Studentmållaget i 1950. Han var med på å stifte Norsk Måldyrkingslag i 1928, og var medlem av styret ved Det Norske Teatret i perioden frå 1923 til 1947.

Som filolog er Raknes kjent for dei to store ordbøkene sine til nynorsk: Engelsk–Norsk Ordbok (1927), den første framandspråklege ordboka på nynorsk, og Fransk–Norsk Ordbok (1942). Dessutan omsette han mange fagbøker til nynorsk. Han omsette også ei rekkje skjønnlitterære og filosofiske forfattarar frå fransk og engelsk til nynorsk, mellom anna Charles Dickens, Prosper Mérimée, Henri Bergson og William James.

Gryande psykologiinteresse

Raknes disputertedoktorgradsavhandlinga Møtet med det heilaga. Ein etterrøknad um det psykologiske grunnlaget for religion i 1927. Her undersøkjer han fenomenet religiøs ekstase i lys av forsking innan etnologi og teoriar frå psykoanalysen.

Interessa for religionen, heilt frå oppveksten i ein kristen heim, følgde Raknes livet ut, og vart etter kvart sett i samanheng med ein reichiansk fundert psykoanalyse. I Berlin gjekk han først i læreanalyse hos den berømte psykoanalytikaren Karen Horney. I 1929 byrja han å praktisere som psykoanalytikar, først i Bærum, deretter i Oslo. Læreanalysen hans heldt fram i Oslo under Otto Fenichel og deretter hos Wilhelm Reich sjølv på 1930–talet. I 1934 var Raknes med på å stifte Norsk Psykologforening med mellom anna Åse Gruda Skard.

Reich og Raknes

Raknes var delaktig i utviklinga av Wilhelm Reich sine idear, og forsvarte offentleg teoriane og terapimetodane hans. Reich hevda at opphavet til alle nevrosar er fortrengt seksualitet. Gjennom ein analyse av karakter og haldning skulle terapeuten avsløre forsvarssystemet til pasienten. Pusten var også viktig, saman med kontroll over musklane og ei generell bevisstgjering av korleis kroppen oppfører seg. Det Reich og Raknes kalla «muskelpanseret», som dei meinte bestod av kronisk spente musklar, måtte løysast opp for å frigjere dei «vegetative funksjonane» som også seksualiteten høyrde til. Det kunne gjerast mellom anna gjennom metoden «manetpust», som var Raknes sine eigen teknikk for medviten pusting.

Eit anna viktig omgrep for Raknes er orgon, ein slags livsenergi, som han meinte hadde fellestrekk med det ein tidlegare kalla dyrisk magnetisme. Eit middel til å ta til seg denne energien er å sitje inne i eit spesielt konstruert orgon–skap, noko som Raknes sjølv eigde og nytta seg av. Etter Reichs død i eit amerikansk fengsel, vart Raknes rekna som den fremste attlevande eksperten på orgonterapi i Europa.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gatland, Jan Olav: Ord og orgasme. En biografi om Ola Raknes, 2010
  • Nilsen, Håvard Friis: Du må ikke sove. Wilhelm Reich og psykoanalysen i Norge, 2022
  • Nilsen, Håvard: Kroppsspråkets filolog. [Bokanmeldelse av Ord og orgasme: en biografi om Ola Raknes, av Jan Olav Gatland]. Morgenbladet 20. august 2010.
  • Næss, Tore: Gudskontakt som orgasme. Argument, (1) 2007, 32–33.

Faktaboks

Ola Raknes
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392053712

Kommentarar (1)

skreiv Lars Mæhlum

Trygve Braatøy, Nic Waal og Marie Nevestad var psykiatere, ikke psykologer. Psykiatri var heller ikke noe nytt fag i Norge, slik psykologi var.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg