Hopp til innhold
X
Innhald

Betingingslæring

Betingingslæring er i psykologien læringsmetodar der ei lærd åtferd, eller respons, er betinga av ein stimulus som går før, klassisk betinging, eller følgjer etter, operant betinging, responsen. Klassisk betinging vart oppdaga av I. Pavlov, som la merke til at spyttutskiljinga hos hundar auka når dei fekk mat (ubetinga stimulus). Viss ein ringde med ei klokke samtidig med fôringa, vart sjølve klokkeringinga, betinga stimulus, seinare nok til å setje i gang spyttutskiljing, betinga refleks/respons. Ved operant betinging, oppdaga av B.F. Skinner, vert tendensen til å gi ein viss respons, betinga respons, forsterka med løn rett etter at responsen er gitt. Åtferdsterapi og kognitiv åtferdsterapi representerer vidareutvikling av desse læringsmetodane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015