Hopp til innhold
X
Innhald

Dobbelbinding

Dobbelbinding kjem frå det engelske uttrykket double blind i psykologien og handlar om kommunikasjon i nære relasjonar der bodskapar vert formidla på tvitydig eller motstridande måtar, og på ulike logiske nivå, utan at mottakaren er klar over det. Mimikk og tonefall kan til dømes gi uttrykk for noko anna det som vert sagt. Gregory Bateson og kollegaer av han har knytt slike kommunikasjonsmønster til utvikling av schizofreni. Ein slik samanheng har så langt ikkje empirisk grunnlag.

Først publisert: 26.08.2015
Sist oppdatert: 26.08.2015