Hopp til innhold
Sigmund Freud. Bilete attgitt med løyve frå all-about-psychology.com
Sigmund Freud. Bilete attgitt med løyve frå all-about-psychology.com
X
Innhald

Id

Id finst i teorien til Sigmund Freud. Id er umedvite, vert styrt av lystprinsipp og er i konstant konflikt med ego og superego.

Id, det-et, finst i teorien til Sigmund Freud om personlegdomens struktur, som er samansett av id, ego og superego. Id er sete for libido og omfattar særleg dei medfødde eller instinktive driftene. Id kan forståast som eit grunnleggjande energireservoar som går ut frå driftene.

Id er umedvite, vert styrt av lystprinsipp og er i konstant konflikt med ego og superego.

Gjennom oppveksten får desse som funksjon å undertrykkje eller regulere energien frå id, funksjonar som òg gjerne er umedvitne.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015