Individualpsykologi er studium av kvart enkelt menneskes opplevingar og åtferd. Omgrepet er òg brukt om ei retning innanfor psykologien, grunnlagt av Alfred Adler.

Faktaboks

Uttale
individuˈalpsykologi
Etymologi
av individ

Kort sagt meinte Adler at nevrosar oppstår hos menneske som kjenner seg sosialt mindreverdige, anten på grunn av kroppslege eller andre manglar, eller ved uheldig oppseding eller søskenposisjon. Mindreverdskompleks og overkompensasjon er lånord frå Adler som har gått inn i kvardagsspråket.

Vekta han la på miljøpåverknad og verdien av eigenaktivitet for å komme ut av nevrosen, gjer Adler ein forløpar for synspunkt som er førte vidare i dagens psykologi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg