Hopp til innhold
X
Innhald

Intelligens

Intelligens tyder innsikt og forstand. Dei fleste forskarar understrekar at intelligens vert utvikla gjennom eit komplisert samspel mellom arv og miljø

Intelligens kjem frå det latinske ordet intelligentia som tyder innsikt, forstand, og er ei kognitiv evne. Ofte vert intelligens definert som bruk av tankeevna på ein føremålstenleg måte, til å løyse nye problem på grunnlag av tidlegare erfaringar.

Trass i at intelligensprøvar går attende til 1905, har psykologar funne det vanskeleg å gi ein presis definisjon av omgrepet intelligens. Den omfattande bruken av intelligenstestar har knytt omgrepet til det å lære hurtig, få tak i relasjonar og tenke abstrakt.

Dei fleste forskarar understrekar at intelligens vert utvikla gjennom eit komplisert samspel mellom arv og miljø. Somme meiner òg at mange former for intelligens kan identifiserast.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015