Hopp til innhold
X
Innhald

Mindreverdskompleks

Mindreverdskompleks er i psykologien ei nemning for førestillingar, ofte umedvitne, som inneber at individet kjenner seg mindre verd enn andre. Omgrepet står sentralt i individualpsykologien til A. Adler. Det er funne støtte for at sjølvvurdering og sjølvbilete kan spele ei stor rolle for personlegdomsutvikling.

I daglegtale vert ordet mindreverdskjensle ofte brukt utan at det vert knytt til personlegdomsutvikling eller sjukdom.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015