Hopp til innhold
X
Innhald

Minimal hjernedysfunksjon

Minimal hjernedysfunksjon, Minimal Brain Dysfunction (MBD) på engelsk, er den vanlegaste nemninga på AD/HD. I psykologien er dette namnet på eit symptommønster eller syndrom, særleg hos barn, med vekt på hyperaktivitet og/eller merksemds- og persepsjonsproblem, ofte kombinerte med lære- og åtferdsvanskar i skule og andre situasjonar. Tilstanden vert gjerne sett i samanheng med ein mindre hjernedysfunksjon, det vil seie ei funksjonsforstyrring i hjernen, difor namnet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015