Hopp til innhold
SIgmund Freud.
SIgmund Freud.
Med løyve frå www.all-about-psychology.com
X
Innhald

Psykoanalyse

Psykoanalyse er ein teori skapt av Sigmund Freud. Teorien er knytt til menneskeleg utvikling og personlegdomsdanning, til forståing av menneskelege strukturar og funksjonar. Sentralt i teorien står læra om det umedvitne og kva tidleg barndom har å seie for seinare opplevingar og åtferd. Psykoanalyse er knytt til utviklinga av ulike psykoterapeutiske metodar for behandling av psykiske lidingar og har spelt ei viktig rolle for nyare utvikling av psykologi som fag og vitskap.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015