Hopp til innhold
X
Innhald

Psykologi

Psykologi har opphav i filosofi og biologi. Psykologen studerer åtferd og metale prosessar.

Psykologi kjem frå det greske ordet psykhe som tyder sjel, og logos, som tyder lære. Psykologi har opphav i filosofi og biologi og vert i Noreg i dag rekna som eit samfunnsvitskapleg fagområde og universitetsstudium over normalt seks år, der ein studerer åtferd og metale prosessar. Studiar vert knytte opp mot å forstå mekanismar og årsaker til åtferd og åtferdsavvik, og til å behandle og løyse åtferdsproblem.

På fagområdet vert ulike tilnærmingar og perspektiv brukte, og det omfattar mange retningar, til dømes psykoanalyse, åtferdspsykologi, gestaltpsykologi, utviklingspsykologi, sosialpsykologi, persepsjonspsykologi, kognitiv psykologi, psykopatologi, pedagogisk psykologi, nevropsykologi og organisasjonspsykologi. Slik kan fagfeltet òg knytast opp mot ulike andre fagfelt som medisin, biologi og nevroanatomi, filosofi, sosiologi, pedagogikk, økonomi og organisasjonsstudium. Spesialistgodkjenning vert gitt på område som klinisk psykologi og organisasjonspsykologi etter eige regelverk.

Sidan 1948 har nemninga for kandidatar med fullført psykologistudium i Noreg vore Cand.psychol. Tittelen har vore verna sidan 1972. Det vil seie at den som skal kunne bruke psykologtittel, må vere autorisert eller ha lisens som psykolog. Dette gjeld òg titlar som inneheld ordet "psykolog", til dømes idrettspsykolog eller organisasjonspsykolog, jamfør helsepersonelloven § 74.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015