Hopp til innhold
X
Innhald

Akupunktur

Akupunktur (frå latin acus, nål, og punctura, stikk) er ein alternativ behandlingsmetode med nåler som vert stukne inn på visse stader i huda. Behandlingsmetoden har spelt ei viktig rolle i kinesisk medisin i fleire tusen år. Frå 1960-talet har akupunktur vekt stor interesse i Europa og USA, først og fremst som bedøvingsmetode. I klassisk kinesisk medisin har metoden framfor alt vore eit behandlingsalternativ for ulike sjuklege tilstandar. Punkta der nålene vert stukne inn, ligg langs meridianar, energibaner som livsenergien ch'i flyt gjennom. To motsett retta krefter, yang og yin, kontrollerer kanalane. Når yang og yin er i ubalanse, kan ein rette på dette med nålestikka. Akupressur er ein behandlingsmetode basert på den same tankegangen og på dei same punkta som i akupunktur. I staden for nåler vert fingrar brukte til å presse på punkta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012