Hopp til innhold
X
Innhald

Alternative behandlingsmetodar

Alternative behandlingsmetodar, metodar som byggjer på tru meir enn vitskap. Det finst talrike slike metodar, dei mest kjende er akupunktur, homeopati og urtemedisin. Metodane er stort sett ufarlege, men dei kan bli farlege dersom dei på grunn av propaganda hindrar folk å søkje lege for sjukdomar der det finst god medisinsk behandling.
Det er ikkje få som har oppsøkt alternative behandlarar. Mange kreftpasientar med ein dårleg prognose er villige til å prøve alt i denne kritiske situasjonen. Det same gjeld personar med uspesifikke symptom, til dømes smerter i ulike delar av kroppen, gjerne kopla til lettare angst og depresjon. Denne gruppa kjenner seg ofte avviste av vanlege legar. Mange har kasta bort store pengesummar på alternativ medisin til inga nytte, ikkje sjeldan ved å reise til «kjende senter» i utlandet.
Når ein del føler at dei har fått god hjelp av alternativ medisin, er det gjerne fordi terapeuten, særleg i første time, tek seg god tid med pasienten, noko mange pasientar saknar i møte med den vanlege fastlegen sin. Det å få tømt seg for problema kan ha ein lækjande verknad. Mange alternative behandlarar viser stor optimisme og tru på pasienten, noko som har terapeutisk effekt. Når alternativ medisin derfor verkar, skjer det gjennom psykiske prosessar, der tru på terapeuten og forventning om eit godt resultat er viktig, og ikkje på grunn av dei spesifikke teknikkane, slik utøvarane påstår.

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012