Hopp til innhold
X
Innhald

Årelating

Årelating, tømming av ei viss mengd blod frå ei vene. Før i tida vart årelating brukt som eit middel mot ei rekkje sjukdomar. No vert årelating brukt når blod skal tappast av ein blodgivar, og i nokre få tilfelle av medisinske grunnar, til dømes ved overproduksjon av raude blodlekamar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012