Hopp til innhold
X
Innhald

Ballong-dilitasjon

Ballong-dilitasjon (PTCA) Ved tronge kransarteriar i hjartet kan årene utvidast med at ein tynn slange (kateter) vert ført inn i åra. På kateteret er det ein liten ballong som vert blåsen opp slik at det tronge avsnittet vert utvida. Ein kan òg puffe inn eit lite plastrøyr (stent) som held det tronge partiet ope. Dette er ei langt meir skånsam behandling enn by-pass-operasjon. Ballong-dilitasjon vert òg brukt på tronge arteriar i beina.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012