Hopp til innhold
X
Innhald

Biopati

Biopati (frå gresk bios, liv, og pathos, liding) er ein behandlingsmetode innanfor alternativ medisin. Metoden byggjer på at den menneskelege organismen har ein fysiologisk, indre balanse som er avhengig av fleire biologiske faktorar. Ubalanse vert ifølgje biopatien retta opp med hjelp frå ei rekkje terapiar, mellom anna kostterapi, vitamin- og mineralterapi, immunterapi og biologisk avgifting. Dei som driv med biopati, vert kalla biopatar. Biopati vart grunnlagt av den danske biopaten Kurt Nielsen i 1980, og er førebels spreidd til Skandinavia, Spania og England.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012