Hopp til innhold
X
Innhald

by-pass-operasjon

by-pass-operasjon. Ved innsnevra eller tilstoppa årer i beina eller i kransarteriane til hjartet kan blodtilførselen betrast med operasjon. Ein lagar ein omveg med å ta ei vene frå leggen til pasienten og koplar (syr) på arterien ovanfor og nedanfor det tronge partiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012