Hopp til innhold
X
Innhald

Calmette-vaksinasjon

Calmette-vaksinasjon, ofte kalla BCG-vaksinasjon etter Bacillus Calmette Guérin, er ein metode for å vaksinere mot tuberkulose med hjelp frå ein svekt tuberkelbakterie frå storfe, Mycobacterium bovis, som har mista det meste av evna til å framkalle sjukdom. Mutanten vart isolert av dei franske forskarane A. Calmette (1863–1933) og C. Guérin (1872–1961). Calmette innførte vaksinen som viste seg å gi svært godt vern mot tuberkulose.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012