Hopp til innhold
X
Innhald

Computertomografi

Computertomografi (forkorta CT) er ein smal bunt røntgenstrålar som gjennomlyser kroppen i mange kryssande retningar. Strålesvekkinga i alle retningar vert registrert av elektroniske detektorar og overført til den datamaskina som reknar ut strålesvekkinga i alle delane av snittet. Dette kan òg sjåast som gråtonar på ein fjernsynsskjerm. Metoden gjer det råd å framstille detaljrike snittbilete av alle plan i kroppen, og har ført til ei radikal forbetring av diagnostikken av hjerneslag og påvising av svulstar i lunger og mage.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012