Hopp til innhold
X
Innhald

Ekkodiagnostikk

Ekkodiagnostikk, medisinsk, er ein undersøkingsmetode som går ut på at ein stråle av ultralyd vert retta mot ein stad i det indre av kroppen og registrerer ekkoet. Registreringar frå undersøkingar av hjernen kan lesast av på eit ekkoencefalogram, registreringar frå hjartet på eit ekkokardiogram. I svangerskap vert metoden nytta til å påvise forstyrringar i fosterutviklinga, til å seie noko om korleis fosteret ligg osb.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012