Hopp til innhold
X
Innhald

Elektroencefalografi

Elektroencefalografi, EEG, er ein metode for å registrere den elektriske aktiviteten i hjernen. Elektrodar vert festa på hovudet og dei små spenningsskilnadene vert forsterka og registrerte som ei kurve, eit elektroencefalogram. Elektroencefalografi er viktig både med omsyn til diagnostisering av hjernesjukdomar og utforsking av den normale hjerneverksemda. Den største nytta av EEG har ein hatt ved epilepsi. EEG registrerer berre impulsar frå levande celler.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012