Hopp til innhold
X
Innhald

Endoskopi

Endoskopi, medisinsk, er å undersøkje indre organ med hjelp frå spesielle røyr- eller slangeforma instrument med linser, fiberoptikk og lys, endoskop. Metoden kan jamførast med bruk av kikkert konstruert spesielt for å sjå på indre organ som urinvegane, bukhola eller luftvegane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012