Hopp til innhold
X
Innhald

Fysioterapi

Fysioterapi er behandling med fysiske metodar, gitt av spesialutdanna fysioterapeutar. Behandlinga byggjer på ei lang rekkje metodar som er utarbeidde for ulike føremål, mellom anna varmebehandling (diatermi, infraraud stråling, varme omslag), sjukegymnastikk (øvingsterapi) og massasje med visse handgrep. Samtidig vert det lagt stor vekt på at pasienten sjølv lærer å arbeide med sin eigen kropp. Fysioterapi har etter kvart fått stadig meir å seie i sjukdomsbehandlinga, mellom anna etter hjerneslag og hjarte- og lungelidingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012