Hopp til innhold
X
Innhald

Homøopati

Homøopati (frå gresk homoios, lik, og pathos, liding) er eit alternativt terapeutisk system som påstår at sjukdomar kan lækjast med ørsmå kvantum av dei stoffa som kallar fram sjukdomssymptoma. Metoden vart grunnlagt av tyskaren Samuel Friedrich Christian Hahnemann (1755–1843). Han formulerte prinsippet på latin: Similia similibus curantur, likt vert lækt med likt. Ein homøopat er ein person som behandlar pasientar med hjelp av homøopati. Norsk akademi for naturmedisin har ei femårig deltidsutdanning i faget.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012