Hopp til innhold
X
Innhald

Immunosuppresjon

Immunosuppresjon, undertrykking av immunreaksjonane til kroppen med hjelp frå visse medikament. Metoden vert særleg brukt ved transplantasjonar for å hindre at forsvarsmekanismane til kroppen støyter frå seg framand, transplantert vev, og ved autoimmune sjukdomar (der ein ukontrollert reaksjon i immunapparatet til kroppen skadar eige, normalt vev).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012