Hopp til innhold
X
Innhald

Isotopar

Isotopar. Mange grunnstoff finst i fleire variantar som har same tal på proton i kjernen, men ulikt tal på nøytron – og dermed ulik atomvekt. Somme slike isotopar er radioaktive og vert brukte i medisinen fordi dei har evna til å konsentrere seg i visse vev i kroppen. Dette kan brukast diagnostisk for å få eit bilete til dømes av skjoldbruskkjertelen. Ein kan òg la den radioaktive isotopen samle seg i kreftvev for å gi ei innvendig stråling av svulsten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012