Hopp til innhold
X
Innhald

Kirurgi

Kirurgi, behandling av sjukdomar og funksjonsfeil gjennom operative inngrep. Kirurgi vart opphavleg utført av barberarar og feltskjerarar. Akademisk utdanna legar tok først til å interessere seg for kirurgi på 1700-talet. Kirurgien vart relativt risikofri på slutten av 1800-talet med innføringa av antiseptikken og aseptikken. Utviklinga av narkosen har hatt enormt mykje å seie for kirurgien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012