Hopp til innhold
X
Innhald

Kuvøse

Kuvøse (frå fransk couveuse, rugehøne), lukka, spesialbygd spedbarnsseng med gjennomsiktige vegger og tak der temperatur, fukt, oksygeninnhald med meir kan regulerast nøyaktig. Kuvøse vert brukt til for tidleg fødde born og til alvorleg sjuke spedborn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012