Hopp til innhold
X
Innhald

Laparoskopi

Laparoskopi er ein kirurgisk metode der legen gjennom eit lite snitt kan stikke eit røyr med lys og linser (laparoskop) inn i bukhola. Legen kan sjå på organ, ta vevsprøver (biopsiar) og operere gjennom røyret med tynne instrument (sterilisering, galleblæreoperasjonar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012