Hopp til innhold
X
Innhald

Levkotomi

Levkotomi eller frontal lobotomi er ein operasjon som går ut på å skjere over nervebanene mellom pannelappane i hjernen og organet som ligg djupare, thalamus. Metoden vart brukt på svært alvorleg sinnslidande og lækte ikkje, men dempa delvis plagene deira. På same tid vart personlegdomen til pasienten ofte endra i negativ lei. Levkotomi vart særleg brukt på schizofrene pasientar etter den siste verdskrigen og fram til 1955 då nye antipsykotiske medikament kom på marknaden. Metoden vert ikkje brukt i Noreg i dag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012