Hopp til innhold
X
Innhald

Lumbalpunksjon

Lumbalpunksjon er å setje ein sprøytespiss inn i ryggmargskanalen i rommet mellom dei to inste ryggmargshinnene, som regel mellom 2. og 3. eller mellom 3. og 4. lendevirvel. Rommet er fylt av cerebrospinalvæske. Innstikket kan skje for å ta prøver av væska, for å sprøyte inn bedøvingsmiddel eller for å sprøyte inn kontrastmiddel ved røntgenundersøkingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012