Hopp til innhold
X
Innhald

Lysbehandling

Lysbehandling byggjer på kunnskapen om at mange hudsjukdomar vert betre av sollys, framfor alt psoriasis. Det er det ultrafiolette sollyset (UV) som verkar. Den kortbølgjete delen av dette (UVB) har mest å seie. PUVA-behandling er ein kombinasjon av stråling med langbølgjete UV-lys, såkalla UVA, og bruk av visse stoff, psoralen, som forsterkar verknaden. Psoralen kan takast som tablettar eller smørjast på huda som krem før stråling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012