Hopp til innhold
X
Innhald

Munn-mot-munn-metoden

Munn-mot-munn-metoden, innblåsingsmetoden som kan brukast i alle tilfelle der kunstig pustehjelp er nødvendig.
 
Framgangsmåte:
 
1. Legg pasienten på ryggen. Bøy hovudet til pasienten så sterkt attover at munnen opnar seg og tunga kjem fri frå den bakre veggen i svelget. Dermed er det etablert fri passasje for luft til og frå lungene.
 
2. Press nasen til pasienten saman med tommel- og peikefinger på den eine handa.
 
3. Pust djupt inn, gap høgt og press lippene rundt munnen til pasienten. Sørg for god tetting med å gape høgt nok.
 
4. Blås kraftig ned i munnen til pasienten. Brystkassa til pasienten skal heve seg når luft kjem ned i lungene.
 
5. Løft munnen vekk frå pasientmunnen. Då pustar pasienten automatisk ut.
 
6. Hald fram med 15–20 innblåsingar i minuttet. Er pasienten eit barn, skal munnen leggjast både over munnen og nasen. Trykk mot magen til barnet for å hindre at luft kjem ned gjennom matrøyret.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012