Hopp til innhold
X
Innhald

Naprapati

Naprapati (frå tsjekkisk napravit, korrigere, og gresk pathos, liding, smerte), medisinsk, manuell terapi med utspring i kiropraktikk. Metoden er basert på heilskapstenking om musklar, skjelett og nervar. Behandling skjer ved manipulasjon, massasje, tøyingar, ultralyd med meir, og gjeld særleg ledd, sener og musklar. Det første instituttet vart starta i 1907 i Chicago av kiropraktoren O. Smith. Naprapati vart offentleg godkjent i Sverige og Finland i 1994. Ein naprapat er ein som praktiserer naprapati. Norsk Naprapatforbund krev utdanning frå Naprapathögskolan i Stockholm, University of Science i Kotka, Finland, eller i Chicago, USA. Hittil er alle medlemmane i Norsk Naprapatforbund utdanna ved Naprapathögskolan i Stockholm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012