Hopp til innhold
X
Innhald

Nyresteinknusar

Nyresteinknusar, eit apparat som kan knuse nyresteinar utan operasjon. Pasienten ligg fastspent i eit badekar der vatnet held 37 grader Celsius. Gjennom røntgengjennomlysing vert nyresteinen ført til brennpunktet for ei elektrosjokkbølgje som pulveriserer steinen. Metoden er utvikla i Tyskland. Den første nyresteinknusaren vart teken i bruk på Ullevål sykehus i Oslo i 1984–85.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012