Hopp til innhold
X
Innhald

Osteopati

Osteopati (frå gresk osteon, knokkel og pathos, liding), medisinsk, knokkelliding i det store og heile, er eit manuelt behandlingssystem basert på at kroppen har evna til å lækje seg sjølv. Osteopaten aukar denne evna gjennom å behandle musklar, ledd og bindevev i heile kroppen. Behandlinga vert brukt ved smerter og plager, både som akutt og førebyggjande behandling. Osteopati vart presentert i USA i 1874 av dr Andrew T. Still og har vorte utbreidd i Vesten, særleg etter den andre verdskrigen. Metoden har òg vore grunnlag for forsking. Den norske osteopatiutdanninga starta i 1997.Yrket er førebels ikkje underlagt autorisasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012