Hopp til innhold
X
Innhald

Pacemaker

Pacemaker. 1. Den staden i hjartet (sinusknuten) som impulsane går ut frå. 2. Elektrisk hjartestimulator som vert brukt når impulssystemet til hjartet ikkje fungerer. Apparatet som har storleik som ei fyrstikkøskje, vert operert inn under huda på brystkassa. Herifrå går leidningar til hjartet. Eit batteri med levetid på ti år sender små straumstøytar som får hjartet til å trekkje seg saman.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012