Hopp til innhold

Pirquetprøve

Pirquetprøve, hudprøve for diagnostisering av tuberkulose.

Prøva vert teken med å rispe tuberkelbakteriar inn i huda. Viss området kring rispet raudnar eller hevar seg, er prøva positiv. Det vil seie at pasienten anten er smitta med tuberkulose eller har vore smitta og har utvikla motstandskraft mot sjukdomen. Prøva vart oppfunnen av den austerrikske legen Clemens von Pirquet (1874–1929).

Legen Odd Falsen Sundt tek ei pirquetprøve på eit barn. Sundt (1892–1965) var overlege og helseinspektør i Oslo. Foto frå rundt 1935–40, ukjent fotograf. Kjelde: Oslo Museum (biletnr.: OB.F06501), oslobilder.no CC BY-SA 3.0.

Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 
Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 14.03.2017