Hopp til innhold
X
Innhald

Plastisk kirurgi

Plastisk kirurgi, plastikkirurgi, er ei grein av kirurgien der ein gjer operative inngrep for å rette på medfødde eller påførte feil, skadar og misdanningar (til dømes hareskår, brannsår). Plastisk kirurgi omfattar òg kosmetiske operasjonar som andletsløfting og brystkorreksjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012