Hopp til innhold
X
Innhald

Prenatal diagnostikk

Prenatal diagnostikk, påvising av sjukdom eller misdanningar hos eit foster som regel på eit så tidleg tidspunkt i svangerskapet at eit svangerskapsavbrot kan vere aktuelt. Prenatal diagnostikk kan skje med ultralyd, men det vanlegaste er at det vert teke ei prøve av fostervatnet, ein såkalla amniocentese, helst i 15. eller 16. svangerskapsveke. Granskinga av fostervatnet og dei cellene det inneheld, kan gi viktige opplysningar om fosteret. Amniocentese vert berre teke når det er medisinske grunnar til det. Den vanlegaste grunnen er risikoen for at fosteret har ein medfødd sjukdom eller ei misdanning

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012