Hopp til innhold
X
Innhald

Respirator

Respirator, medisinsk, apparat for kunstig pustehjelp. Ein tankrespirator sluttar om heile pasienten unnateke hovudet, sjå jernlunge. Ein skjoldrespirator sluttar berre om brystkassa og mellomgolvet. Begge respiratorane verkar med vekslande over- og undertrykk. Det som er mest brukt no, er ein slange (tube) som vert ført ned i luftrøyret til pasienten. Ei pumpe bles oksygenhaldig luft inn og pumpar karbondioksidhaldig luft ut.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012