Hopp til innhold
X
Innhald

Skjermbiletfotografering

Skjermbiletfotografering, røntgenfotograferingsmetode som vart brukt ved massegranskingar for å oppdage lungetuberkulose på eit tidleg stadium. Det var frammøteplikt ved innkalling (lov om røntgenundersøking ved skjermbiletfotografering av 12.12.1947). I dag vert berre spesielle grupper undersøkte, til dømes arbeidarar som kjem i kontakt med steinstøv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012